Engasjerande frukostmøte 8.mai om verdisetting og sikring av IPR

09.05.2014


I samarbeid med Atheno og MCTW inviterte me seniorrådgjevar i Plougmann & Vingtoft til Kunnskapshuset for å halde frukostmøte om korleis ein vert bevisst på og sikrar et selskap sine immaterielle verdiar (IPR).


Det vart eit spanande og engasjerande frukostmøte kor Atheno v/dagleg leiar Åge Lien og MCTW v/ prosjektleiar Hege Økland hadde innleiande presentasjonar før seniorrådgjevar Eirik Øverland i Plougmann & Vingtoft synte oss gode eksemplar på synleggjering av IPR.  Han meinte for mange selskap ikkje var bevisste på kva verdiar som ligg i knowhow og forretningshemmeligheter, og at det er viktig å sikra desse. Både den regnskapsmessige verdien og marknadsverdien av IPR kan vera viktig å synleggjera og beskytta for å sikra selskapsverdiar og konkurransekraft.

Foredraget til Eirk Øverland kan du lasta ned her; PV Bergen - SNR frokostmøte 08 05 2014 (3).pptx



Her finn du presentasjonane til Åge Lien Atheno og Hege Økland MCTW

LES FLEIRE NYHENDE