
Løyve til å opne butikkar under Handballfestivalen
Statsforvaltaren gir dispensasjon frå lov om helligdagar og helligdagsfred § 5 første ledd, jf. § 5 sjuande ledd. Dispensasjonen gjeld søndag 8. juni kl. 11-15 og måndag 9. juni 2025 kl. 09-16.
- Vi er glade for at Statsforvaltaren har sett våre argument om å halde ope under Handballfestivalen. Det er ein cup som trekkjer enormt mykje folk til Stord. Då er det kjekt at vi får vist fram dei flotte butikkane vi har å by på, seier Torbjørn Brosvik, dagleg leiar i SNR.
- No vil det vere opp til kvar einskild butikk om dei ønskjer å nytte seg av denne sjansen til å halde ope under Handballfestivalen. Dei vel og sjølve kva opningstid dei vil ha innanfor rammene i dispensasjonen frå Statsforvaltaren.
- I år treff det slik at cruiseskipet Rotterdam kjem til Leirvik under Handballfestivalen. Då er det ekstra kjekt at vi kan få vist fram eit ope sentrum der cruisegjestane og har høve til å nytte dei butikkane som vel å ha ope.
Her kan du lese heile vedtaket frå Statsforvaltaren