Willy Hauge i Cedra
Willy Hauge, partner, fortel om korleis bransjen er i omstilling og kva posisjon Cedra tar i tida framover.

Nytt og nyttig frå Cedra

29.01.2026 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Cedra delte fersk innsikt då Stord Næringsråd arrangerte frukostmøte 29. januar. Deltakarane fekk ei oppdatering om utviklinga i revisjons- og rådgivningsbransjen, endringar i skatte- og avgiftsreglar, samt nye krav innan rapportering og berekraft.

Cedra fortalte om ei bransje i stor omstilling, driven av teknologi og nye eigarstrukturar. Selskapet har på kort tid blitt ein leiande nordisk aktør, med sterk vekst i både Noreg, Sverige og Danmark.

Møtet tok også opp viktige regelendringar som påverkar næringslivet:
 

  • nye modell for berekning av bustadverdi
  • endringar i skattereglar for rentefond og tapsføring
  • overgang til Altinn 3 med nye rutinar for forskotstrekk
  • MVA‑utfordringar knytt til fast eigedom og tenester frå utlandet
  • forslag til nye reglar for skattemessig innbetalt kapital


Til slutt fekk deltakarane ein gjennomgang av endringar innan berekraftsrapportering og kva krav som framleis gjeld etter Åpenhetslova.

Samlingar

LES FLEIRE NYHENDE