Arne Hammer frukostmøte
Verftsdirektør Arne Hammer fortel om dei pågåande prosjekta på Stord og om kva som ligg føre.

4,2 milliardar i lokalt innkjøp

08.01.2026 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Aker Solutions presenterte verksemda og sine tankar om tida framover på frukostmøte saman med Stord Næringsråd. Store dimensjonar og store tal går att når verftet viser til kva dei gjer.
Verftsdirektør Arne Hammer viser til at aktiviteten på Kjøtteinen no er historisk høg.

- Me når ein topp i løpet av våren 2026. Aktiviteten er all time high, og det ser ut til at det blir travelt ut året og langt inn i 2027. Men frå 2028 må me ha fleire prosjekt inn, seier Hammer.

Aker Solutions sin høge aktivitet viser godt att i lokalsamfunnet. Mellom anna har det vakse fram ein ny bydel med brakkeriggar på Heiane.

- Det er omlag to tusen tilsette lokalt på verftet i tillegg til omlag ni tusen innleigde som går i rotasjon, fortel Hammer. Det er mykje logistikk som må på plass for å få personell inn og ut til rett tid, samt sikre mat og velferd til alle. Mellom anna har kantina stått for 2,1 millionar måltid med 262 500 kg kjøt, 3,4 millionar egg og 3,7 millionar koppar kaffi.

- Aker Solutions prøver å kjøpe inn lokale varer og tenester der vi kan, seier Hammer. I 2025 vart det brukt over 4,2 milliardar kroner på innkjøp av varer og tenester i Sunnhordland.


Peter Kupka er prosjektdirektør i Aker BP og kunde hos Aker Solutions. Han fortel om status på Yggdrasil og andre prosjekt Aker BP jobbar vidare med. Plattformene Hugin A og Valhall PWP vert no sett saman på Stord.

Ordførar Sigbjørn Framnes tok ordet og takka for godt samarbeid og samspel mellom Aker Solutions og lokalsamfunnet.

- Aker Solutions er hjørnesteinen i næringslivet i Sunnhordland. Då er det ekstra kjekt å sjå at det blir handla så mykje lokalt. Verftet tar mykje sosialt ansvar og bygger opp nærast eit paralellsamfunn med tenester til sine arbeidarar. Me hadde ikkje fått til å ta i mot så mykje folk på Stord utan av verftet hadde stilt opp slik sjølve. Me er stolte over det som skjer på verftet og dei store prosjekta som blir skipa ut frå Stord, avsluttar Framnes.
Samlingar

LES FLEIRE NYHENDE