Næringspolitisk undersøking for Vestlandet

11.04.2016
Den 5. april presenterte næringsforeningane i Stavanger, Haugesund, Stord og Bergen ein fersk diagnose på næringslivet for Hordaland- og Rogalandsbenken på Stortinget.

Tema var økonomisk status, tiltak, infrastruktur og kommune- og regionstruktur.
Av dei 950 spurte varsla 46% om svakare øknomisk utvikling i 2016 samanlikna med 2015.

Den største utfordringa er svikt i oljebransjen og manglande oppdrag, og heile 75% beskriv situasjonen som ei krise.

E39 Stavanger - Bergen (Rogfast og Hordfast) vert framheva som det viktigaste samferdsleprosjektet av næringslivet på Vestlandet, og aller viktigast for næringslivet i Haugesund og på Stord, ifølge undersøkinga.



Presentasjonen som vart gjort for Hordaland- og Rogalandsbenken kan du lasta opp her.

Undersøkinga med samanlignande tal mellom dei ulike næringsforeningane kan du lasta opp her.

LES FLEIRE NYHENDE