Vikingland på frukostmøtet 16.mars!

20.03.2017
Det var ein solid og spanande presentasjon prosjektleiar Terje Devold gjorde av Vikingland i Sveio. Ein historie om store moglegheiter! Det er investorar Vikingland Utvikling AS er på jakt etter i denne fasen.
Med utganspunkt i reiselivsnæringa som den mestvoksande næringa i landet, og med regionen mellom Bergen og Stavanger utan ein opplevelsespark, ligg alt til rette for at Vikingland med Thors Rike vert ein attraksjon for vestlandet.

Ei totalinvestering på 500 millionar, kor 300 av dei skal lånefinansierast og 200 millionar er eigenkapital. Av dei 200 millionane i eigenkapital utgjer 100 millionar sal av andel tomteareal. Vikingland Utvikling AS disponerer 1200 dekar me landareal, mens sjølve opplevelsesparken treng 400 dekar.

Presentasjonsbrosjyren Vikingland finn du her

Filmen finn du her








LES FLEIRE NYHENDE