Bru over Bjørnafjorden
Brua over Bjørnafjorden, frå sør. Illustrasjon: Statens vegvesen.

Vestland fylke støttar Hordfast

19.06.2023 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Fylkestinget i Vestland gjorde om på innstillinga frå Fylkesdirektøren og støttar no Hordfast inn i neste Nasjonale Transportplan (NTP)
15. juni vedtok Fylkestinget i Vestland sin uttale til NTP. I saksførebuinga har det vore innspelsrunde og møter i heile fylket og Stord Næringsråd har ved fleire høve løfta fram kor viktig det er å bygge saman vestlandet. Eit sentralt prosjekt i dette er Hordfast, som vil korte ned reisetida mellom Stavanger og Bergen monaleg.

I innstilling til vedtak frå Fylkesdirektøren var ikkje Hordfast prioritert. Takka vere godt politisk arbeid vart det skrive eit nytt forslag:

Vestland fylkeskommune støttar SVV i at E39 Ådland-Svegatjørn (Hordfast) vert planlagt vidare og starta opp. Rogfast er under bygging og Møreaksen er i planfase, dermed må ferjefri E39 ha framdrift også i Vestland. Vestland fylkeskommune støttar at SVV vurderer standard og løysingar på E39 Ådland-Svegatjørn (Hordfast) med sikte på å redusere inngrep og miljøulemper, og å få ned kostnadene for prosjektet.

Dette vart vedtatt 47 mot 16 stemmer (SP 1, MDG 4, SV 4, Uavhengig 2, FNB 2, V 1, R 2). SNR er godt nøgde med at eit så stort fleirtal i Vestland fylke ser verdien av å bygge saman vestlandet.

Fylket sin uttale vert no sendt vidare til NTP-høyringa til Samferdsledepartementet. Stord Næringsråd har òg levert inn høyringssvar. Det kan du lese her.

Høyringa er open, og SNR oppmoder alle verksemder og organisasjonar som er interessert i og ser verdien av god samferdsle til å gi inn høyringssvar.
Høring av transportvirksomhetenes svar på NTP-oppdrag - regjeringen.no
Samferdsle

LES FLEIRE NYHENDE