Meir enn 50 frammøtte på frukosmøte i SR-bank sine lokale på Heiane.

Varehandelsrapporten 2019 - stort frammøte på frukostmøte for å få med seg utviklinga!

16.08.2019
Varehandelen er i endring, og det er mange ulike faktorar som påverkar folks handlemønster og konkurransesituasjonen innan varehandelen.

På frukostmøte 14.august, i samarbeid med Sparebank1 SR-bank, blei Varehandelsrapporten for 2019 lagt fram. Meir enn 50 frammøtte, dei aller fleste frå varehandelsbedrifter, fekk med ein spanande presentasjon som syner at Heiane har god auke med 4,7% mens Leirivk hadde ein tilbakegang i omsetnaden.
Det er mange drivkrefter for forbruk og varehandel, og befolkningsutvikling er ein av dei viktigaste indikatorane. Dette var Regiondirektør Erik M Throndsen si innleiing til presentasjon av Varehandelsrapporten 2019. Generelt syner rapporten at netthandel (norske nettbutikker) aukar mest, medan det er klær og sko som har dårlegast utvikling som bransje.

Du kan laste ned Varehandelsrapporten 2019 her.

LES FLEIRE NYHENDE