Varehandelsrapporten 2017 presentert 16.juni

17.06.2017
I samarbeid med Sparebank1 SR-Bank vart Varehandelsrapporten 2017 presentert på frukostmøte 16. juni på Heiane.
Det var Regionbanksjef Erik M. Throndstad i SR-bank Hordaland som presenterte Varehandelsrapporten 2017 for dei 35 frammøtte på frukostmøtet. Tronstad understreka kor viktig handelsnæringa er for sysselsetjing og verdiskapinga, og ikkje minst at handel er ei stabil næring med jevn vekst kvart år. Trenden er at netthandelen aukar og er no nær på 13% (for norske nettbutikkar). Ein annan trend er at det er færre kundar innom handlesentrene, men kvar kunde brukar meir pengar når dei er der.

Dei fleste stader i landet heng befolkningsvekst og auka handel saman. Dette nyt Stord godt av med jevn vekst i befolkninga sida 2000, mens for Kvinnherad slår det negativ ut grunna lav befolkningsvekst.

Dekningsgraden for handel på Stord er på 115% noko som syner at det er stor tilstrøyming av handlande frå andre kommunar.



Det er Heiane som står for den største omsetnaden i Sunnhordland, med Leirvik som nummer to, Bremnes ligg på tredje plass, mens Husnes som hadde ei negativ utvikling i 2016 ligg på fjerde plass.



Last ned Varehandelrapporten 2017 her

LES FLEIRE NYHENDE