
Trygge leiarar gjer lågare sjukefråvær!
Seniorrådgjevar i Azets Advisory sitt HR-team Marit Vistekleiven tok oss gjennom ein spanade presentasjon med fokus på sjukefråvær. Å fokusera på nærværsårsaker i staden for fråværsårsaker, vil bidra til å skapa ein open kultur for å snakka om sjukefråvær og vera i forkant av situasjonar som kan oppstå.
Presentasjonen var tydeleg på kva som er arbeidsgjevar sitt ansvar overfor dei tilsette, men også på kor det økonomiske ansvaret ligg i forhold til lovverket. Her var mykje nyttig informasjon, og konkrete forslag til korleis ha god dialog mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar.
Du kan laste ned presentasjonen her.