
Tre finalistar til Næringsprisen 2018
Desse er; Wärtsilä Norway, Salt Ship Design og Stord Hotell
Næringsprisen vil bli delt ut på Stord Næringsråd sin årsfest fredag 26. oktober!
Fakta om Næringsprisen:
Næringsprisen er eit samarbeid mellom Stord Næringsråd og Sparebanken Vest. Næringsprisen skal bidra til å skapa merksemd rundt næringslivet, og gje honnør til dyktige næringslivsaktørar. Det er i år 6. gongen prisen vert delt ut.
Kandidatar til næringsprisen vert nominert av Stord Næringsråd sine medlemmer, og ein jury beståande av; - Juryformann Svein Ottesen – banksjef Sparebanken Vest - Magne Kydland – redaktør Bladet Sunnhordland - Karoline Eldøy – styreleiar Stord Næringsråd - Anne-Grete Sandtorv – dagleg leiar Stord Næringsråd
har plukka ut dei tre finalistane.