Politisk debatt leia av Jarand Rystad

Sunnhordlandskonferansen 2013 var attraktiv nok!

12.06.2013
Sunnhordlandskonferansen 11. juni satt fokus på attraktivitet, og stilte spørsmålet om me i den petromaritime klynga i Sunnhordland var attraktive nok for å vinna nye kontraktar. Analytikar Jarand Rystad var første innleiar på konferansen, og la fram den ferske rapporten utarbeida for Konkraft, nettopp for å synleggjera kva dei reelle kostnadsforskjellane er på ferdig vare produsert i Asia og Norge.  Rystad meinte det heilt klart er håp for norske verft å vinna nye kotraktar, og at fasiten for Kværner Stord ligg i å levera på tid og pris på Eldfisk og Edvard Grieg.

Jarand Rystad leia også den politsike debatten på slutten av dagen.



Gro Brækken i Norsk Olje og Gass var i sitt innlegg opptatt av rammevilkårene og langsiktighet i bransjen, og meinte derfor det var feil av regjeringa å komma med skatteendringer no. Som eksempel på ringvirkninger av at skatteendringer kan påvirke utbygginger, viste hun til konkrete eksempler for Aasta Hansteen og regionen i Nordland og Troms. Brækken var klar på at Sunnhordland har vært, og framleis vil vera ein spydspiss inn i oljealderen.  BI professor Torger Reve er optimistisk på industrien i Sunnhordland sine vegne, men trur at nye omstillingar må komma.



Pellegrino Riccardi hadde skråblikket på Sunnhordlandskonferansen, og fekk fram latteren, men også ettertanken med sitt foredrag om "La dolce vita i Norge".



Kveldsarrangementet var på Haaheim Gaard i strålande solskinn.

LES FLEIRE NYHENDE