Stort oppmøte på PS Sparebanken Vest 25.februar

01.03.2016
Over 80 frammøtte fekk med seg Vestlandsindeksen og spanande innlegg av Victor Normann då Sparebanken Vest hadde PS og frukostmøte på Stord Hotell 25.februar.


Regionbanksjef Jan Arild Nesse ønska velkommen til PS arrangement og  frukostmøte, før Konserndirektør Ragnhild Janbu Fresvik tok oss gjennom digitale endringar og korleis dette påverkar kvardagen i ulike bransjar. Oljeprisfallet har gjort til at nedgangen i investeringar har eskalert, og dette påverkar store delar av næringslivet på Vestlandet. Det positive i bildet er at kronekursen gjer mange eksportnæringar betre prisar og marknader.

Vestlandsindeksen syner endringar i todeling norsk industri, og at 50% av dei som er innafor olje og gass relatert industri vil redusera bemanninga med 40%.

Rundt 60% av desse igjen er verksemder på Vestlandet, så det vil enda komma nedbemanning framover. 50% av verksemdene meiner no at det er behov for omstilling.



Professor Victor Norman ved Norges Handelshøyskole meiner Norge slit med dei grunnleggande same problemene som resten av Europa. Han meinte me må verta flinkare på å utnytta utdanningsnivået og sikta meir mot å verta eit kunnskapsbasert samfunn. Normann tok opp i sitt foredrag kommunestruktur og viktigheten av å sjå på betre tenester som et mål, og han peika på at Stord og Sunnhordland må finna sin plass mellom Bergen og Stavanger og skapa ein sterk region. Ferjefri E39 vil vera til god hjelp, men det er ikkje nok, de må urbanisera Stord, og utvikla eit regionalt, sterkt sentrum i Sunnhordland meinte Victor Norman.

Kommunene må bli betre for å berga vedferdsordningane me har bygd opp, og nevnte byggesakshandsaming over disk i Kristiansand som eksempel. Dette må gjerast gjennom å styrka den brukerretta og ikkje den styrande funksjonen. Han peika også på at når kommunar slår seg saman er det ikke ein fusjon, men at det oppstår ein heilt ny kommune.

LES FLEIRE NYHENDE