
Stordkonferansen 7. juni, vellykka konferanse i optimismens tegn
Både politiske, finansielle og forvaltningsmessige rammevilkår blei belyst for ein bransje kor alle piler peiker oppover. Partileiar Erna Solberg (H) utnevnte Stord til Leverandørhovudstaden i Noreg, og minna om at kunnskap og konkurransekraft er den viktigaste forutsetninga for å lykkast også i framtida.
Driftsdirektør Brage Sandstad i ConocoPhillips illustrerte den fantastiske teknologi og kompetanseutviklinga gjennom Ekofisk feltet, som etter meir enn 40 år i drift, i dag gjer investeringar for 40 milliarder for nye 40 år. Utvinningsgraden er tredobla frå 17-52%.
For konsernsjef Jan Arve Haugan i Kværner blei ein dag i mai reine "julafta" då Nyhavna og Edvard Grieg, i form av ordrer for 14 milliardar var ein realitet. Aldri har utsiktene vært så langsiktige som dei er no, og det er leveringsdyktighet på tid og kvalitet som gjer at Kværner er konkurransedyktig.
I siste bolken av Stordkonferansen presenterte rektor Liv Reidun Grimstvedt ved HSH sine visjoner for eit tettare samarbeid for å utdanna arbeidstakarar for det framtidige næringslivet. Deretter var det Styrk Bekkenes i Noreq og Are Pedersen i FOM som presenterte sine verksemder. Alltid inspirerande å høyra gode suksesshistoriar.
Ove Wilhelmsen - direktør Wartsila Skipsdesign leia oss gjennom konferansedagen på ein framifrå måte for dei 98 frammøtte. Og sjølvsagt må me ikkje gløyma stuntpoet Arne Torget, som på sitt humoristiske vis hadde fått med seg absolutt alt av viktige poeng på Stordkonferansen 2012. Du kan lasta ned foredraga frå Stordkonferansen på; http://www.stordkonferansen.no/