Professor Torger Reve Handelshøyskolen BI

Stordkonferansen 7. juni - god påmelding så langt!

23.05.2018

Tema: Kompetanse og Arbeidsplassar!



Professor Torger Reve frå Handelshøyskolen BI har med seg ein fersk rapport om arbeidsplassutvikling til Stordkonferansen 7. juni.



Den 19. Stordkonferansen vert arrangert torsdag 7. juni på Stord Hotell. Til å leia årets konferanse har me med oss Siren Sundland som er konserndirektør Operasjonelle tenester i Sparebanken Vest. Ho kjenner godt næringslivet på vestlandet og vestlendingen sine sterke sider. 

Med utgangspunkt i leverandørindustrien til olje- og gass, vil Stordkonferansen i år ha eit enda sterkare fokus på kva posisjon industrien i regionen skal ta i framtida. Korleis bruka og vidareutvikle kompetansen? Kor kjem veksten i arbeidsplassar i framtida? Torger Reve, professor i strategi og industriell konkurranseevne ved Handelshøyskolen BI kjem til Stordkonferansen, og har med seg ein fersk rapport om kva me skal bygga framtida på, og kva posisjon regionen kan ta! Funn i rapporten vert debattert i etterkant av foredragshaldarane, og dagleg leiar Astrid Kjellevold hos Atheno vil leia debatten. Last ned pressemelding Stordkonferansen her.











 

LES FLEIRE NYHENDE