Stordkonferansen 7. juni 2017

18.04.2017
Stordkonferansen 2017 er den 18. i rekka, og vert ein viktig arena for leverandørindustri, myndigheiter og øvrige næringsliv å møtas.

Til sommaren vil Statoil sine prosjekt på Stord visa godt igjen i landskapet!

Johan Sverdrup utstyrs- og boliggplattform, oppgradering av Njord plattforma, samanstilling og ferdiggjering av Aasta Hansteen og Hywind Scotland Pilot Park, vil alle vera synlege bevis på at norsk leverandørindustri er både konkurransedyktig og evner å omstilla seg til nye marknader.

Stordkonferansen vil igjen retta seg mot leveransar til norsk sokkel, samstundes som nye marknader og moglegheiter for industrien vert sett på dagsorden.

Med 50 nye år på norsk sokkel må me retta merksemda mot dei unge som skal velja industrien som sin arbeidsplass.  Elevar frå vidaregåande skular er derfor invitert med til første delen av Stordkonferansen 7. juni.

Bærekraft og konkurransekraft må gå hand i hand.  Teknologist utvikling vert "trigga" av behovet for meir kostnadseffektive og bærekraftige løysingar, og ny teknologi utfordrar eksisterande arbeidsoperasjonar og gjer moglegheiter i nye marknader.



Me ser gode eksempel på miljøteknologi, utvikla og tatt i bruk av industrien i tett samarbeid med det offentlege som krevjande kunde.

Eit av norsk leverandørindustri sine fortrinn er evnen til tett samarbeid med kunden og underleverandørar, og den korte vegen frå beslutning til gjennomføring i organisasjonane. Den norske modellen skal fortsetja gje bærekraft og konkurransekraft til norsk leverandørindustri i ei tid der omstilling vert viktigare enn nokon sinne.


Velkommen til Stordkonferansen 2017.  For program og påmelding:http://stordkonferansen.no/

LES FLEIRE NYHENDE