
Stordkonferansen 2017 med rekorddeltaking!
Til Stordkonferansen var også invitert med 16 elevar frå Stord vidaregåande skule. Dei hadde jobba med tema 50 nye år på norsk sokkel og hadde førebudd spørsmåla til debatten, i samarbeid med Nettverk U37 og Young Realisers frå Kværner.
Stordkonferansen 7. juni vart ein særs spennande og flott dag, prega av optimisme og erkjenninga at ein skal bygga vidare på dagens kompetanse også i framtida. Og om Roboten kjem - skal nokon bygga den også!
Foredraga frå Stordkonferansen vert lagt ut på stordkonferansen.no i løpet av veke 24.
Etter konferansen var det vorspiel på Brygga 11 i regi av Haugaland Kraft og Nettverk U37. God stemning med Kahoot, fingermat og godt i glaset.
Kveldsarrangementet var ombord i MS Sunnhordland, og me la sjølvsagt turen bortom Eldøyane slik at me fekk med oss både vindmøller og Njord Future før båten dreia sørover inn Fjellbergsundet. Om bord vart det servert nydeleg MS Sunnhordland buffé.
Stord Næringsråd takkar alle som deltok på Stordkonferansen 2017, ei stor takk til våre utstillarar og ei ekstra stor takk til Haugaland Kraft som også sto ansvarleg for arrangementet på Brygga 11.
Stordkonferansen 2018 vert torsdag 7. juni på Stord Hotell! Me reknar med at du kjem!