Stord Lufthamn er ny samarbeidspartnar
- Frå og med 01. april 2024 startar DAT opp flyging på FOT-ruta Stord - Oslo v.v. på vegne av staten, fortel flyplassjef Jan Morten Myklebust. DAT vann denne ruta i konkurranse med Wideroe, og vil no fly med minst 12 rundturar kvar veke fram til slutten av oktober 2027.
- DAT har så stor tru på denne ruta no at dei vil fly fleire rotasjonar enn det som ligg inne FOT-rutevilkåra. Frå 01. april vil det vere 15 rundturar kvar veke.

Billettane er alt lagt ut til bestilling på www.flydat.no
Fullprisbillettar vil no koste kr 1189,- Men det er og lagt ut mange rimeligare flybillettar.
DAT har interlineavtalar med SAS, Wideroe, Finnair, Emirates og Qatar Airways. I tillegg føreligg det ein bagasjeavtale med Norwegian.

Informasjon