bdo

BDO presenterte Bygg- og anleggsanalysen på frukostmøte hos Stord Næringsråd

20.11.2025 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Bygg- og anleggsbransjen står ovanfor store endringar og utfordringar i tida framover. BDO presenterte sin ferske analyse under frukostmøtet med Stord Næringsråd.

Astrid Bjørk er director revisjon og leier BDO sitt kontor på Stord. Ho presenterte BDO overordna og viste til kva tenester ein kan få ved å henvende seg her lokalt.



Jan-Petter Abelsen, partner i BDO og Leder Consulting Region SørVest presenterte Bygg- og anleggsanalysen. Her med blikk på korleis igangsetting av nye prosjekt og sakshandsamingstid i kommunar har utvikla seg over tid. Sjølv om sakshandsamingstida i Sunnhordland ligg vesentleg under landssnittet, tar det omlag eit år frå oppstartmøte til endeleg vedtak.

Vidare utfordra Abelsen verksemdene til å ta i bruk AI. Innan bygg og anlegg vil stadig fleire prosessar få nytte av AI og han oppfordra til å vere nysgjerrig, følge med og utforske korleis AI kan vere med å støtte opp om verksemda. Samstundes advarte Abelsen om at AI kan hallusinere, så ein må ikkje ta alt som kjem frå AI for god fisk.


Morten Bogaard, Partner - Deal Advisory, fortalte om korleis konsolidering og oppkjøp pregar bygg- og anleggsbransjen. Mange utanlandske private equity-fond kjøper opp små og mellomstore lønsame verksemder. Ofte vert desse drivne vidare på same måte som før, men med nye eigarar.
 
Informasjon

LES FLEIRE NYHENDE