Passasjertala på Stord Lufthamn tar heilt av

- Årsaken til den store trafikkveksten er at flyruta Stord-Oslo no er ein del av dei statlege FOT-rutene, fortel Myklebust. Det betyr god frekvens på flyruta og konkurransedyktige prisar.
- Dagens FOT-rute går fram til oktober 2027, og vi er alt i gang med arbeidet for å sikre at ruta er med i neste FOT-rute anbod, held Myklebust fram.
Frida Aulie frå Menon Economics presenterte rapporten frå analysen dei har gjort rundt dei økonomiske og samfunnsmessige gevinstane som følgje av Stord Lufthamn.- Analysen omfattar både økonomiske ringverknader (verdiskaping, sysselsetjing og produktivitet), kvantifiserbare reise- og tidsinnsparingar, samt andre samfunnsgevinstar, som beredskaps- og avlastingstenester og framtidige bruksområde for lufthamna, seier Aulie. Med dette utgjer rapporten eit kunnskapsgrunnlag for å forstå kor viktig lufthamna er for næringslivet og lokalsamfunnet på Stord og i Sunnhordlandsregionen.
Her kan de laste ned rapporten.

Styreleiar i Stord Lufthamn, Dag Aksnes, var godt nøgd med oppmøtet og det som vart presentert.
- No begynner jobben for å sikre at flyruta blir med i neste FOT-rutekjøp. Det er gledelig å sjå alle ordførarane frå området her er med. Samferdsel er eit lagspel og vi må alle snakke med våre kontaktar i departement og regjerning for å sikre flyplassen vidare, seier Aksnes.