Gjengen i Cedra
Heile gjengen i Cedra samla på opningsdagen.

KPMG blir til Cedra

11.12.2025 | Tekst: Torbjørn Brosvik
11. desember opnar Cedra dørane på Kunnskapshuset. Stord Næringsråd gratulerer med oppstarten!
I august kom det fram at Cedra Norge AS vart etablert. 27 partnarar frå Deloitte Norge starta opp og har no gjennomført eit oppkjøp av 10 kontor frå KPMG. Mellom desse er kontoret på Stord. 11. desember er alle formalitetar i orden og det vart feira med ny logo på plass, marsipankake og god stemning.


På Cedra sitt kontor på Stord er det 12 tilsette som handtarar marknaden i Sunnhordland. Dei tilbyr tenester innan revisjon, rekneskapsbistand, rådgjeving og advokattenester. Dei tar imot kundar i alle storleikar og bransjar og er et største fagmiljøet innan revisjon i Sunnhordland.



Stord Næringsråd gratulerer med oppstarten og ønskjer lukke til!
Informasjon

LES FLEIRE NYHENDE