årsmøte

Liv Kari Eskeland er ny styreleiar i Stord Næringsråd

23.03.2026 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Årsmøtet til Stord Næringsråd valde i dag Liv Kari Eskeland til ny styreleiar. I tillegg til vanlege årsmøtesaker fekk møtelyden høyre Kjetil Gillesvik i Initiativ Vest fortelle om Vestlandet har blitt lurt når det gjeld satsing på samferdsle. Avtroppande styreleiar, Odd Naustdal heldt og eit innlegg og la fram status for strategiprosessen til Stord Næringsråd.
Dette året hadde årsmøtet til SNR ramme som eit frukostmøte. Det førte til at oppmøtet vart vesentleg større enn tidlegare år.

- Vi har ønska å engasjere fleire medlemmer i årsmøta, og når vi no får over 40 oppmøtte er vi veldig godt nøgde, seier Torbjørn Brosvik, dagleg leiar i SNR.


Først ut på programmet var framlegging av rapporten Initiativ Vest har laga om korleis samferdsleløftet rundt Intercity og Ferjefri E39 har blitt halde av ulike ministrar og regjeringar. Konklusjonen er kort sagt at Vestlandet kjem dårleg ut. Dette er eit godt stykke arbeid som bør brukast for å løfte fram skeivhet i tildeling av midlar.


Avtroppande styreleiar Odd Naustdal orienterte om strategiarbeidet som har vore i SNR og om dei fire kjerneområda det vil bli jobba med vidare: Rammevilkår, Attraktivitet, Infrastruktur og Samarbeid.

Når vi kom til val av nytt styre, var det klart at Oddvard Hårde i Zpirit og Nina Langeland i Galleri Giga takkar for seg. Begge har vore aktive i styret i 6 år og SNR er veldig glade for dei bidraga og innsatsen dei har lagt ned.

Det nye styret i SNR er no:
Liv Kari Eskeland, Paladio - Styreleiar
Reinert Horneland, Valvatne Bygg
Sigurd Sandvold, HVL
Randi Beate Hovland, SKU
Elisabeth Nonås Fylkesnes, Bypass, U37
Odd Naustdal, Aker Solutions
Janne Ertresvåg, Leirvik

Varamedlemmer:
Are Holsvik, Sparebanken Norge
Christian Myklebust, DNB


Odd Naustdal går av som styreleiar i SNR, men heldt fram i styret ut valperioden. Liv Kari Eskeland er valt inn som ny styreleiar og vil i tillegg ha ein 40% stilling som arbeidande styreleiar med oppstart 1. april.

Stord Næringsråd vil frå 1. august vere samlokalisert med Atheno, Region Sunnhordland og Stord kommunale utviklingsselskap på Verket på Vabakkjen. Dette som ein del av strategien om eit tettare samarbeid med andre aktørar.
Informasjon

LES FLEIRE NYHENDE