Stor oppslutning om frukostmøte med Kværner Stord 19.september

20.09.2013
Frukostmøte på Stord Hotell 19. september samla nær på 90 personar. Nye administrerande direktør og leder av forretningsområde Contracters Norway, Steinar Røgenes, kunne fortelja om rekordstore ordrereservar på 30 milliarder for Kværner Stord.
Det er gode tider for hjørnesteinverksemda, og det er et viktig samspel mellom det som skjer i industrien og samfunnet rundt. I 2012 handla Kværner Stord for i overkant av 300 millionar kroner i lokalsamfunnet på Stord. Dette resulterer i omsetnad for alt frå underleverandørar og tenesteyting til handel og serviceverksemder.

I dag er det Eldfisk 2/7 S som skapar størst aktivitet fram til våren 2014, før Edvard Grieg vil verta hovedjobben i fabrikasjonen fram mot våren 2016.  I tillegg er jobben på landanlegget i Nyhamna både langsiktig og av stor økonimisk betydning med opsjonar fram til 2020, og verdi på 11 milliardar.

Steinar Røgenes la vekt på verdigrunnlaget for dei 1600 tilsette på Kværner Stord, og korleis dette er et konkurransefortrinn i møte med utanlandse aktørar. Den kulturelle og historiske kompetansen som er bygd opp fra starten med sildoljefabrikk i 1919, og fram til i dag har lagt grunnlaget også for framtida. Omstilling til nye forretningsområder, knoppskyting og teamarbeid har prega verksemda, og vil også prega framtida Kvæørner Stord. I haust tok verftet inn 49 nye lærlingar, og har pr i dag heile 83 lærlingar.Lærlingar er ein svært viktig måte å sikra den  framtidige kompetansen på.

Steinar Røgenes peika vidare på viktigheten av å ha eit verft, og at dette er ein av suksesskriteriene til Kværner Stord. Den nye kranen som er under bygging vil vera eit viktig fortrinn i kampen om nye kontraktar. Røgenes understreka at Kværner Stord som verksemd, har full fokus på å rigga seg for framtida ved å snu alle steiner og effektivisere der det er mogleg.

Du finn presentasjonen til Steinar Røgenes her.

LES FLEIRE NYHENDE