
Stor interesse under høyringsmøte E39 over Stord 8.januar
Prosjektleiar Marius Slinde i Statens Vegvesen la fram dei fire alternativa 1, 2, 4 og 5 som no er ute på høyring til 12. februar 2016. Dette er ein kommunal plan med Stord som planmynde, men del av det overordna målet om ein ferjefri E39 og 4-felts motorveg.
Statens vegvesen har varsla motsegn mot to av alternativa; 1 og 5. Motsegn alternativ 1 går på at dette er ein dårleg løysing sikkerhetsmessig og trafikkmessig, og ikkje i tråd med den overordna målsetjinga for ein 4-felts motorveg. Motsegn alternativ 5 går på pris, då dette alternativet er meir enn 500 millionar dyrare enn det anbefalte alternativ 4. Ikkje prissette konsekvensar er vurdert til ikkje å ha så stor betydning at dette gjer alternativ 5 betre enn 4. Den framlagte planen kan lastas ned her; http://www.vegvesen.no/Europaveg/e39leirvik
Fagansvarleg i Stord kommune Ove Kvalnes gjekk gjennom prosessen vidare og administrasjonen si vurdering av, og framdrift ved ei eventuell motsegn. Det store spørsmålet er; Rekk me Nasjonal Transportplan dersom det skal meklast i ei motsegn, og kor stor er sjansen for at ein får medhald i ei slik mekling?
Fleire av dei frammøtte frå nærngslivet tok til orde for å finna ei løysing mellom alternativ 4 og 5 i samarbeid med Statens vegvesen, slik at ei ikkje tek risikoen med motsegn, men samstundes gjer påbøtande tiltak i Landåsen. Dette vil også gje god sjanse for å rekka NTP, og ikkje minst at ein kjem tidleg i køen slik at det trafikksikkerhetsmessige vert teke i vare.
Avslutningsvis gjekk Prosjektleiar for Hordfast - E39 Stord-Os Signe Eikenes gjennom framdriftsplanen og korleis ulike brualternativ over Bjørnafjorden kan sjå ut.
Den 29. februar 2016 legg Statens vegvesen fram grunnlag til Stortingsmelding for NTP. Ein godkjent kommunedelplan må på plass i løpet av 2016 for å rekka NTP.