
Stor interesse for frukostmøte om digitalisering!
Med god hjelp av Mats Tonning hos Idrift og Jostein Sydnes hos Sydvest, gjekk dagleg leiar Anne-Grete Sandtorv i Stord Næringsråd gjennom begrep, utsagn og påstander ein vert møtt med i forhold til tema.
Avslutningsvis dro Astrid Kjellevold Steinsland i Atheno gjennom deira fokus på digitalisering og teknologi mellom anna for SMB verksemder.
Dei over 50 frammøtte på frukostmøte vart utfordra på å sjå på eigne forretningsmodellar, og til å knyta til seg unge og få dei med i styrerommene.
Atheno og Stord Næringsråd ønskjer innspel på kva behov verksemdene har når det gjeld kunnskap om digitalisering. Atheno vil laga opplæringsprogram frå hausten 2017, som vil verta tilbudt næringslivet.