Det årlege frukostmøte med hovudsamarbeidspartnar Sparebanken Vest, er alltid populært, og 6. februar vart ikkje noko unntak. Heile 85 leiarar frå næringslivet og det offentlege møtte opp for å få med seg Vestlandsindeksen og utsiktene i den globale og lokale økonomien.

Stor interesse for frukostmøte med VESTLANDSINDEKSEN
Konserndirektør Jan Hjellestad i Sparebanken Vest opna med å peike på befolkningsveks og omstillingsemne som viktige faktorar for at det ser lyst ut i Sunnhordlandsregionen. Innlegget til Jan Hjellestad kan du laste ned her.
Makroøkonom Kristina Håvås Hanson presenterte Vestlandsindeksen og innleia med at verdensøkonomien er i bedring. USA, som framleis er verdens største økonomi har vekst i forbruk og arbeidsledigheten er på vei ned mot 6,8%, som er sentralbanksjefen sin målsetjing. Eurosonen syner, for første gang på 6 kvartal ein vekst, om enn bare 0,3%. Her er Tyskland den store bidragsytaren, mens det fortsatt er stor arbeidsledighet i Spania og Italia. Bedriftene investerer fremdeles ikkje, men det er svake tegn til utlånsvekst i Eurosonen.
Prognosane for veksten i Norge er at den vil bli noe lavere, men med rekordinvesteringer på Norsk sokkel vil selv en lavere vekst være gode nyhende. Hanson peika på større optimisme i fastlands Norge, som nok heng saman med kronekurs og betring av marknadene i Europa.
Vestlandsindeksen syner at 60% av bedriftene er optimistiske og trur på positiv vekst, mens kun 6% er negative. Og overraskande nok er det også forventning om auka sysselsetting, trass i at det har vært ein svak auke i arbeidslausa. Presentasjonen til Kristina Håvås Hanson og Vestlandsindeksen kan du lasta ned her.
Den andre delen av frukostmøte var via bustadmarknaden, og direktør i Eiendomsmegler Vest Rune Hansen svara på spørsmålet «Har me ei boligboble?» I løpet av hausten 2013 kom det ei justering av prisane i bustadmarknaden, og mange spådde då ein nedgang også på lengre sikt. Tala frå januar 2014 syner imidlertid ny vekst, og at prisnedgangen i haust var nettopp ei justering. Den psykologiske effekten har vært sterk, men altså ingen boligboble. Eiendomsmegler Vest sin prognose for 2014 er derfor ein prisvekst på 0-2%.
Hansen peika på drivarane i bustadprismarknaden kor befolkningsvekst, lav boligbygging, lav rente og endra myndighetskrav alle er med å påverke. Hansen understreka at takten for bustadbygging i dag er for lav i forhold til behovet, og at ein må ha ein auke på 22% for å matche befolkningsveksten. For å dekka behovet må det byggast 11 nye bustader i Hordaland kvar dag. Rune Hansen sin presentasjon finn du her.
Fagleg leiar for Eiendomsmegler Vest Stord, Ola Nesse gjekk avslutningsvis gjennom utviklinga i den lokale bustadmarknaden for Stord og Sunnhordland. Tala syner at sett opp mot gjennomsnittleg løn er bustadprisane på Stord og i Sunnhordland låge når ein samanliknar f.eks med Oslo, Bergen og Stavanger. Nesse meldte også om et ekstraordinært bustadsal i januar i år, som kan tyda på at mange har «satt på gjerde» i haust.
Nesse viste fram gode behovsanalysar for årleg byggebehov, kva type bustader folk ønskjer og kva dei ønskjer av tenester i nærområde. Du kan lasta ned heile presentasjonen til Ola Nesse her.