Stinn brakke på Vikahaugane då Byutvikling stod på plakaten på frukostmøte 6.desember

07.12.2012
Heile 90 deltakarar ville ha med seg føredraga til førsteamanuensis Erling Dokk Holm ved Markedshøyskolen og adm.direktør Thore Liverød i Alfa Eiendom.
Dokk Holm peika på kor viktig det er å veta kor treffpunktet er i ein by, kor sentrum er. Utdanningsinstitusjonar og sjukehus har tradisjonel vert lagt utanfor sentrum av norske byar og tettstader. Slik utviklinga har vært dei siste tiåra, burde ein lagt til rette for større aktivitet i sentrum ved bl.a. å leggja institusjonelle funksjonar til sentrum. Dette ville skapt aktivitet, og ein ville komt over den "kritiske masse" for at byen skulle fungera som pulserande by. Foredraget til Erling Dokk Holm finn du her.



Thore Liverød som er oppvokst på Stord, peika på konkrete problemstillingar for Leirvik, og andre sentrum kor handel har flytta ut. Han understreka at det må lagast produkt som kunden vil ha, og at uniformerte parkeringsvakter ikkje er ei spesiell hyggjeleg velkomst til ein by.

Liverød anbefalte å ansetja ein "Mr. Leirvik" som hadde mandat og ansvar for å utvikla eigedomsmassen i Leirvik sentrum. Liverød sitt foredrag kan du laste ned her.


LES FLEIRE NYHENDE