Statsministeren fekk orientering om situasjonen i næringslivet 5. september

08.09.2015


Den alvorlege situasjonen i  oljeretta industri var tema då statsminister Erna Solberg møtte industrileiarar, fagrørsla, NAV, Atheno og Stord Næringsråd saman med ordførar Liv Kari Eskeland i Kunnskapshuset.


Bodskapen var klar: fleire av dei store verksemdene nedbemannar for å vera konkurransedyktige og for å møta utfordringane i marknaden. Ein vedvarande lav oljepris gjer at ein ikkje ser løysingar med det første. Faren ein no står overfor er at mykje god kompetanse kan forsvinna frå verksemdene og regionen.



Situasjonen for den enkelte som står i fare for å stå utan arbeid kan løysast med mellom anna forlenging av permitteringstida, og moglegheiten for rett til dagpengar under utdanning. Dette var viktige signal frå fagrørsla.



Auka investeringar i andre sektorar for å kompensera for nedgang investeringar i Nordsjøen, er også et grep som kan takast.



Omstilling og det grøne skifte er i gang i vår del av industrien noko arbeidet i Wartsila og NCE MCT syner. Her må meir midler inn i dei allereie fungerande finansieringsordningane. Vidare må det offentlege stilla krav som kunde, slik at det vert lagt til rette for mellom anna fornying av ferjeflåten til nullutsleppsteknologi.

LES FLEIRE NYHENDE