Spennande frukostmøte om kompetanse og næringsliv!

20.11.2017
På frukostmøte 17.november var det kompetanse og næringsliv som var tema, Dei 30 frammøtte fekk treffa Høgskulen på Vestlandet og Senter for Voksenopplæring.
Prorektor for Samhandling Liv Reidun Grimstvedt ved Høgskuen på Vestlandet (HVL) presenterte organisasjonen og muligheitene i den nye Høgskulen på Vestlandet. Ho undersstreka kor viktig utdanningsinstitusjonen er for å få kompetanse i regionen, då største delen av studentane kjem frå eigen region.

Høgskulen ønskjer å bli utfordra frå næringslivet på kompetansebehov, og viser til mellom anna "Stordmodellen" som eit skreddarsydd utdanningsløp for industrien.



Nærmare informasjon om alle etter- og vidareutdanningar finn du på http://hvl.no/evu





Frå Senter for Voksenopplæring presenterte avdelingsleiar Neeta P. Sankholkar muligheitene for dei som har "voksenrett" og korleis bedriftene i eit spleiselag kan vera med å gje utdanning til fleire.

Meir informasjon om mulgiheitene finn du på nettsidene til Senter for Voksenopplæring; https://www.hordaland.no/nn-NO/skole/stordvgs/senter-for-voksenopplaring/

LES FLEIRE NYHENDE