
SKL- med fokus på vasskraft
Konsernsjef Magne Heimvik tok oss gjennom utviklinga til SKL frå 1946 til dagens konsern med 140 tilsette. Strategien for dei neste åra, tar dei på mange måtar tilbake til der dei starta, nemleg vasskrafta. Det vert investert 1,3 mrd i infrastruktur for å byggja ut småkraft, og for å ta ut et større potensiale av den vasskrafta som er tilgjengeleg. SKL ønskjer å ha et mindre fokus på IT og gass framover, og ser seg om etter strategiske samarbeidspartnarar på desse områda.
Som ei regional verksemd med hovudkontor på Stord og med Kvinnherad som grunnlaget for verdiskapinga, er gode ferjesamband mellom kommunane av særs stor betyding for SKL. Situasjonen slik den er i dag med dårleg ferjemateriell, dårleg regularitet og lang overfartstid held ikkje mål etter dagens krav og forventningar.
Konsernsjef Magne Heimvik var i frukostmøte 24. janaur tydeleg på at ferjesambandet Ranavik –Skjersholmane må få ein langt betre standard enn det som er tilfelle i dag.