Johan Castberg
Johan Castberg er 313 meter langt og 55 meter breitt. Eit skip med enorme dimensjonar som no skal ut på sjøprøvar i Klosterfjorden.

Sail Away for Johan Castberg

07.05.2024 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Finansminister, direktørar og medarbeidarar var samla ved Aker Solution sitt verft på Stord for å markere sail away for FPSO Johan Castberg. Etter tidlegare forseinkingar og overskridingar er no Aker Solution klar til å sende skipet ut på sjøprøvar.
Over 80 milliardar kroner har gått med i prosjektet til no. Likevel smiler finansminister Trygve Slagsvold Vedum frå øyre til øyre når han er på besøk på verftet på Stord for å markere Sail Away for Johan Castberg. Med den oljeprisen vi har i dag er det rekna med at rekninga er betalt innan det har gått eitt år.



Produksjonsskipet kom til Stord i april 2022, etter å ha vorte forseinka av corona. Det vart oppdaga omfattande feil i arbeidet som var gjort og det har gått med mykje tid til oppretting av dette. Aker Solution har fekk mange gode ord og godt skussmål for jobben som er gjort her på Stord. Dagleg har over 2000 personar hatt sitt virke på skipet i tillegg til alle støttefunksjonar rundt. Vidare kjem innsats og leveransar frå ei rekke underleverandørar. Dette prosjektet har virkeleg skapt ringverknadar på Stord.


Finansminister Trygve Slagsvold Vedum var mellom dei som takka alle arbeidarane som har levert framifrå innsats til dette prosjektet. Sjølv om Johan Castberg no går over i ein annan fase vert ein ikkje arbeidsledig på Kjøtteinen. Attmed det store skipet ligg no ein diger stålkoloss, som skal bli til ei HVDC-plattform til Sunrise vindparken utanfor New York. Vidare kjem det fleire tilsvarande omformarplattformer som skal til East Anglia, i britisk del av Nordsjøen. I tillegg kjem to plattformer til Yggdrasil og Valhall. Hjørnesteinsbedrifta på Stord vil ha godt med arbeid i åra framover.
Bedriftsbesøk

LES FLEIRE NYHENDE