Ressursgruppe Industri - vedtatt lagt ned!

11.06.2014

I styremøte den 29.april vedtok styret i Stord Næringsråd å leggja ned ressursgruppe Industri.


Bakgrunn og grunngjevinga er at det har vore lite aktivitet i gruppa siste 1 ½ året, og det har vore vanskeleg å samla deltakarane i Ressursgruppa. Samstundes ser me at Industrinettverket i Atheno no vert revitalisert, og at MCTW er blitt et aktivt nettverk innafor miljøteknologi. Stord Næringsråd trur desse nettverka vil vera viktige for å ta i vare interessene for industrien på Stord og i Sunnhordland på ein god måte.


 


Som sjølvstendig interesseorganisasjon for næringslivet er Stord Næringsråd høyringsinstans for offentlege høyringar frå alle forvaltningsnivå, og me meiner difor det er viktig og naturleg at det er ein tett dialog mellom Stord Næringsråd og Atheno, spesielt i saker som  vedkjem industrien.


 


Me takkar for godt utført arbeid i Ressurgruppe Industri, og ser fram til vidare tett dialog til beste for næringslivet på Stord og i Sunnhordland.


LES FLEIRE NYHENDE