Ressursgruppa Nettverk U37 er i gang!

19.03.2014

 


Nettverk U37 skal vera ein nettverksarena for unge i næringslivet som vil skapa sine eigne møteplassar, i regi av Stord Næringsråd.

 


Visjon



Nettverk U37 har som visjon å gjera Stord til ein meir interessant og engasjerande arena for unge i næringslivet.


Mål


Skapa ein møteplass for aktive, samfunns- og næringslivsinteresserte på Stord der dei kan få fagleg påfyll, knytte kontaktar og byggje relasjonar. Her skal unge i næringslivet kunna møtast på tvers av fag og bransjar, noko som vil gje overføringsverdi mellom ulike bransjar, og gje moglegheit for å dela kunnskap. Ressursgruppa Nettverk U37 skal legge til rette for møter og arrangement for fagleg og sosialt påfyll med fokus på leiing og nettverksbyggjing. Ressursgruppa skal i tillegg fungere som eit talerøyr til Stord Næringsråd, og på denne måten ha moglegheit til å påverke utviklinga i næringslivet på Stord. Ressursgruppa skal nominere eigna kandidatar frå Stord til den nasjonale konkurransen «Årets Unge Leiar», og ved ovannevnte handlingar synleggjera kompetansen i det miljøet som eksisterer på Stord idag.


For Kven?


Nettverket er meint for leiarar og ressurspersonar på Stord under 37 år og skal styrast av ei ressursgruppe på opptil 8 medlemmer frå ulike bransjar. Utskiftning skjer ved fyllte 38 år, og resterande gruppemedlem skal då foreslå ny kandidat, som skal velgast av gruppa.




 




Ressursgruppa består ved etablering januar 2014 av fylgjande personar:



Arnhild Myklebust Dagleg leiar Synssenteret Stord AS/Representant frå Stord Næringsråd

Simen Løland Aarskog Bedriftsrådgjevar i SPV


Siri Agdestein Dagleg Leiar Brygga 11


Torill Møklebust HMS leiar Kværner Stord AS


Eva Presthaug Avdelingsleiar Tveit Regnskap


Ellen Salomonsen Lærar Stord Ungdomsskule


Knud Nagell Dahl Økonomisjef SKL


Arne Valvatne Fungerande HMS/QA sjef Wärtsilä Norway AS




 



LES FLEIRE NYHENDE