
Presentasjon Meierikvarteret på frukostmøte 26.mai
Etter ein god frukost og god "kaffidrøs" tok dagleg leiar i Fronta Næring, Magne Jostein Mikkelson oss gjennom planane for meieritomta frå 2007 og til slik dei no skal realiserast i 2016. Tomta vert i desse dagar rydda, og allereie i september/oktober startar byggeprosessen av Meierikvarteret, som skal vera ferdig før jul 2017. Totalt vert det 2500 m2 med næringsareal, og dei jobbar med å få på plass tenesteytande næringar som frisør, fotpleie, lege, tannlege til dømes.
Det vert parkeringsanlegg over to plan med 60 + 60 parkeringsplassar, og det vert bygd 46 leiligheter på størrelse frå 120 m2 til 35 m2. To treiedelar av leilighetene vert husbankfinansiert. I tillegg vert et fellesområde for bebuarane over del av 4. plan med parkanlegg på 700m2.
Presentasjonen av Meierikvarteret kan du last ned her.