Snorklypp Newtonrom
Ordførar Sigbjørn Framnes opnar Newtonrommet på Nysæter.

Newtonrommet på Nysæter er opna

22.09.2025 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Endeleg er Newtonrommet på Nysæter opna! Det har vore ein lang veg gjennom kronglete kommuneøkonomi, pågangsmot frå eldskjeler og stønad frå private verksemder før rommet i dag vart opna for realfagsundervisning for store og små.

- Rommet har alt vore i bruk og vi har hatt innom to grupper frå niande klasse og ei gruppe frå sjette klasse, fortel nytilsett newton-lærar, Christine Aanderaa Johnsen. Elevane synes det har vore veldig kjekt å komme inn i dette rommet og oppleve realfag i praksis.

- Newton-konseptet er eit heilskapeleg system for langsiktig realfagsatsing. Gjennom Newton får elevar tilgang til praktisk undervisning i tråd med gjeldande læreplan, seier Per Arild Konradsen, dagleg leiar i FIRST Scandinavia. Les meir om Newtonrom her.


- Eg vil takke alle som har jobba for å få fram Newtonrommet, seier prosjektleiar Franny Maria Bøthner. Ho løftar spesielt fram samarbeidspartnarane Sparebanken NorgeAker solutionsMulticonsultLeirvikSKL og SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad.

Undervegs i opninga fekk Atle Wigum i Subshore ordet og lova at så snart modulane for barnehageborn var ferdig utvikla, skulle han sørge for at desse vart tilgjengelege for Newton Stord!

For oss i Stord Næringsråd er det kjekt å sjå at det vi har vore med på å hjelpt fram gjennom program og gåver frå Stordkonferansen 2023 no endeleg har tatt form og er tatt i bruk. Gratulerer!
Kompetanse og utdanning

LES FLEIRE NYHENDE