
Nettverk U37 - inviterer til inspirasjon og entreprenørskap hos Atheno
Driv du for del sjølv? Ynskjer du å starta noko? Eller ynskjer du å skapa noko der du er i dag?
Driv du for del sjølv? Ynskjer du å starta noko? Eller ynskjer du å skapa noko der du er i dag?
Eller kanskje du berre vil verta inspirert av andre som har lukkast.
Uansett bakgrunn er du hjartans velkomen til ein innhaldsrik kveld.
Dagleg leiar i Atheno, Astrid Kjellevold Steinsland, vil leia oss gjennom det faglege innhaldet. Ho kjem innom heilt konkrete knaggar ved det å skulla etablere noko og inspirerer til skaparkraft og innovasjon.
Etterpå vil tre flotte grunderar fortelje si historie.
Jazzgitarist Per Olav Kobberstad spelar, og det vert mat og mingling. Rett og slett ein kveld du ikkje vil gå glipp av.
Pris kr: 200,- som inkluderer mat og drikke.
Bindande påmelding innan 23.mars på
http://www.stordnaeringsraad.no/web.aspx?page=108359&event=24032
Last ned invitasjonen her
Deltaking vert fakturert i etterkant.
Dersom faktura skal til andre enn arbeidsgjevar må du skrive fakturaadresse under namnet ditt ved påmelding.
Vel møtt!