
Næringsutvikling og Stord som regionsenter og byen i Sunnhordland
Næringsutvikling og Stord som byen og regionsenter i Sunnhordland var tema på Stord Næringsråd sitt frukostmøte 6. juni i Stord Idrettspark. Stord Kommune ved Rådmann og Ordførar var invitert til å presentera Næringsplan og arbeidet med næringsutvikling og kva tankar kommunen har for Stord som regionssenter og byen i Sunnhordland.
I tillegg var desse tre næringslivsaktørane invitert til å presentera sine forventningar til kommunen;
- Grete Brunæs, Genie AS og Leirvik Sentrumsforening
- Magne Jostein Mikkelson, Frontagruppen
- Siren Eldøy Hinderaker, Advantec
Etter ein god frukost av samarbeidspartnar Vest Catering for dei 54 frammøtte gjekk dagleg leiar i SNR gjennom bakgrunnen for tema for frukostmøte.
Rådmannen orienterte om kva mål og strategiar som ligg i kommuneplanen for Stord, men peika på at det ikkje er ein eigen næringsplan for kommunen. Plansjefen går inn i ny stilling og vil jobba meir med overordna utviklingsarbeid. Kommunen jobbar med eigarskapsstrategi etter fusjonen av SNU/Atheno, og denne skal opp til politisk handsaming. 1.linetenesta for etablerarar vert teke i vare av Samarbeidsrådet, men Atheno driv også denne tenesta.
Ordføraren tok for seg Stord som regionsenter og byen i Sunnhordland, og var opptatt av at Stord må definera sin eigen posisjon midt mellom Stavanger og Bergen, samstundes som me må lytta til våre naboar. Det er viktig Stord tar sin posisjon i fylket, og at me også ser at det er nye område som kan utvikla seg. Det trengs fornying på kultur- og idrettsbygg bl.a. Ferjefri kyststamveg vil verta ein stor fordel for utviklinga. Det er viktig å vera attraktiv og byggja opp et godt omdømme.
Grete Brunæs var opptatt av at sentrum må vidareutviklist, at ein må sjå moglegheitene og ikkje minst at Stord kommune må vera pådrivar for dette. Ho meiner det må inn ein person som kan ta ansvar for å snu trenden, slik at det vert enda flottare i sentrum. Ho viste til ei spørjeundersøking som er gjort av Hordaland fylkeskommune, som syner at 80 % av dei spurte ønskjer seg eit sentrum utforma som ein liten by.
Magne Jostein Mikkelson gav Stord kommune ros for å vera positive og leggja til rette for utvikling av næringsareal. Heiane Vest er viktig for å sikra næringsutvikling langs E39, og for at Stord skal trekka til seg interessentar frå Bergensområdet.
Mikkelson gav også ros til forvaltnigsstyret som han opplever som kontruktive og kompetent. Frontagruppen har etablert seg med eige kontor i Bergen for lettare å kunna trekka til seg etablerarar til Stord. Han understreka at det er viktig å styrka dei kommunale funksjonane som får ting til å skje fort, og ha nok ressursar i RBO og innan vann og avløp.
Siren Eldsøy Hinderaker presenterte Advantec, et selskap som har hatt ein enorm ekspansjon sida oppstarten i 2005. Ho peika på at det var positivt med fritidsaktivitetar og bl.a. norsk kurs for utanlands arbeidskraft som kom til Stord. Gode skular, barnehage tilbod og SFO er ting som må vera på plass. Vidare er fagskuletilbodet kor det offentlege og bedriftene har jobba saman om, et døme på at det er viktig å jobba saman for å gjera Stord attraktiv. Gode kommunikasjonar, og sjølvsagt raskaste vegen med E39 til Bergen.