
Næringsprisen 2017 til W. Engelsen Ettf.
Næringsprisen 2017 er tildelt W. Engelsen Ettf. v/Kristine Aarsand Engelsen
med følgjande grunngjeving;
W. Engelsen Ettf. er ein aktør som gjennom meir enn 100 år har bygd opp og drive eit selskap med utgangspunkt i Stord.
Dei har hatt evne til å omstilla seg til nye tider, og har sikra seg arbeid i heile Sunnhordland og på Haugalandet.
Gjennom byggjeverksemd og totalentreprisar har dei sett sitt preg på mykje av utviklinga på Leirvik og sett varige spor etter seg i regionen.
Eigarane og drivarane av selskapet har vore opptekne av å ta inn lærlingar og byggje opp kompetanse hjå sine tilsette. Dette har gitt dei gode tilsette som framsnakkar selskapet. Selskapet er konkurransedyktig og framstår som solid, med ein god ordrereserve.
-------------------------------
Stord Næringsråd gratulerer. Næringsprisen var i år et maleri av Per Flatøy kalt "Nabosjakk". Under årsfesten framførte Arne Torget eit flott dikt til Nabosjakken, og dette vil me gjerne dele. Du kan lasta ned diktet her.