
Næringsprisen 2016 til Fylkesnes Bil AS
Næringsprisen 2016 vart delt ut på Stord Næringsråd sin årsfest 10.november.
Næringsprisen er eit samarbeid mellom Stord Næringsråd og Sparebanken Vest. Næringsprisen skal bidra til å skapa merksemd rundt næringslivet, og gje honnør til dyktige næringslivsaktørar.
Juryen for næringsprisen har vore:
- Juryformann Svein Ottesen – banksjef Sparebanken Vest
- Magne Kydland – redaktør Bladet Sunnhordland
- Magne Heimvik – styreleiar Stord Næringsråd
- Anne-Grete Sandtorv – dagleg leiar Stord Næringsråd
I år har det ikkje vore nominasjon til Næringsprisen frå Stord Næringsråd sine medlemmer, men juryen har drøfta og bestemt kven som skulle få prisen.
Det var til stor begeistring hos festlyden at Næringsprisen 2016 vart tildelt Fylkesnes Bil AS v/ Kjell Fylkesnes med føljande grunngjeving:
Fylkesnes Bil er ein aktør som gjennom meir enn 30 år har bygd opp ei solid verksemd med i dag over 60 tilsette.
Gjennom oppgangs- og nedgangstider har dei lært at fokus på målretta kundepleie, godt arbeidsmiljø, problemløysing og ikkje minst optimisme - gjev solide relasjonar og gode resultat.
Selskapet ser på heile regionen som sin marknad, og har ein god posisjon i marknaden.
Fylkesnes Bil er ein aktiv og synleg aktør i lokalsamfunnet som også engasjerer seg i spørsmål om infrastruktur og næringsutvikling. Ein aktør som støttar lag, organisasjonar og gode formål på ein flott måte.
Næringsprisen 2016 var et «rykande ferskt» kunstverk av Spinae Company ved Nathanael Larsson og Magdalena From Delis. Kunstverket vart ferdigstilt under årsfesten og klargjort til utdelinga på slutten av kvelden.
Årsfesten 10.november var om bord i MS Sunnhordland, som vart ei flott ramme for prisutdeling og årsfest.
Stord Næringsråd gratulerer Fylkesnes Bil så masse med Næringsprisen 2016!