Næringsprisen 2013 til Fronta

25.10.2013

I samarbeid med Sparebanken Vest delte Stord Næringsråd ut Næringsprisen 2013 på Stord Næringsråd sitt Årstreff den 24. oktober. Sjølve prisen er eit kunstverk av Per Flatøy i tillegg til diplom og blomar.







Næringsprisen 2013 vart tildelt Fronta ved Kurt Arne Tyse, med følgjande grunngjeving;


”Fronta har på kort tid bygd seg opp til å bli ein betydelig aktør i næringslivet på Stord, i Sunnhordland og på resten av Vestlandet. Kurt Arne Tyse og Fronta er kjent for strategisk tankegang, handlekraft og høgt tempo, og Fronta set tydelege spor etter seg som totalleverandør innan næringseigedom og bustadbygging.  I tillegg tar Fronta eit stort samfunnsansvar og bidreg sterkt til utvikling av idretts- og kulturlivet på Stord.”





 


Kriterier for prisen:


Næringsprisen skal bidra til å skapa merksemd rundt næringslivet, og anerkjenning av dyktige næringslivs aktørar.



  • Prisen skal gå til ei verksemd som har utmerka seg anten gjennom innovasjon, kreativitet eller gode resultat.

  • Verksemda skal vera medlem i Stord Næringsråd



Jury for Næringsprisen:


            Svein Ottesen – Sparebanken Vest - Juryformann


            Magne Kydland – Redaktør Mediehuset Sunnhordland


            Terje Børtveit -    Styreleiar SNR


            Anne-Grete Sandtorv – Dagleg leiar SNR    


 


”Dei nominerte til Næringsprisen 2013 er eit speilbilde på næringslivet vårt” seier dagleg leiar Anne-Grete Sandtorv i Stord Næringsråd. ”Tre verksemder frå ulikebransjar som har utmerka seg som omstillingsdyktige, innovative og strategiske. Tre sterke finalistar med Stord Hotell og Apply Leirvik ”hakk i hæl” fram til utdelinga på Årstreffet.


Stord Næringsråd gratulerer Fronta og Kurt Arne Tyse med Næringsprisen 2013!


 

Nominasjonsfilmen finn du her;


https://vimeo.com/77591114


 



 



 



 



 


 

LES FLEIRE NYHENDE