
Næringsprisen 2012 til Advantec
I samarbeid med Sparebanken Vest delte Stord Næringsråd ut Næringsprisen for 2012, på Årstreffet den 25. oktober. Næringsprisen skal bidra til å skapa merksemd rundt næringslivet, og gje honnør til dyktige næringslivsaktørar.
- Sjå nominasjonsfilmen her;
https://vimeo.com/52097900
Næringsprisen 2012 vart tildelt Advantec v /Magnar Aaland
med følgjande grunngjeving;
Advantec har gått frå å vera ei verksemd med få tilsette som var avhengig av ei hjørnesteinsverksemd, til sjølv å bli ei stor verksemd med kundar i ein internasjonal marknad. Advantec har utvikla eigne produkt, og har bygd eigne produksjons- og kontorfasilitetar med hovudkontor på Stord. Alt dette i løpet av få år. Me ser på Advantec som ein betydelig aktør for utviklinga i sin bransje, og som ein stor bidragsytar til nye, spanande arbeidsplassar.
Stord Næringsråd gratulerer!