I november 2012 blei det laga ein nasjonal næringspolitisk undersøking på kva rammevilkår som er viktigast, utvikling frå 2011 til 2012, og tankar om 2013. No er svara komt!
Stord Næringsråd sine medlemmer har delteke i denne undersøkinga, og i den nasjonale Storbyundersøkinga som vert presentert i Dagens Næringsliv i morgon er tal frå Stord med under Bergen (=Næringsalliansen).
Vedlagt finn du tal på utvikling 2011-2012, rapport nasjonalt og tal spesielt for Stord. Her er mykje spanande lesing!
Undersøkinga viser bl. a at dei viktigaste føresetnadane for framtidig konkurransekraft er tilgang på relevant arbeidskraft, forutsigbare politiske avgjersler, og infrastruktur som bla. vei.
Over halvparten av dei som svarte meinte at det å rekruttera kompetantarbeidskraft vert ei stor utfordring også i et lengre perspektiv.
Tal for Stord syner at infrastruktur står øverst på vår ønskjeliste for å styrka konkurransekrafta. Men heilt klart er det rekruttering av kompetent arbeidskraft som vert den største utfordringa i et langsiktig perspektiv. Og som me veit; infrastruktur (les ferjefri kyststamveg til Bergen) og tilgang på kompetanse heng nøye saman.
Ta kontakt med Anne-Grete Sandtorv på 901 45 458 om du har spørsmål.