
NITO
Samarbeidsrådet for Sunnhordland
NAV
Atheno
Fellesforbundet
Kvinnherad Næringsservice
HSH
Stord Næringsråd
Moglegheitsarena for arbeidssøkande 23.februar
Arbeidsløysa
veks i regionen vår, og saman tek me grep for å syna kva moglegheiter som finns
for dei som vert råka. NITO, NAV, Atheno, Samarbeidsrådet for Sunnhordland,
HSH, Fellesforbundet og næringsråda i region, står samla bak
Moglegheitsarena for arbeidsledige som vert arrangert den 23.februar på Stord
Hotell.
Rundt
20 verksemder og organisasjonar er på plass på Moglegheitsarenaen med korte
foredrag og stands. Her får dei arbeidssøkande informasjon om bedrifter som har
bra med arbeid, og prosjekt som skal starta opp i det offentlege. Det vert sett
fokus på moglegheiter i nye bransjar, utdanningsmoglegheiter,
karriererettleiing, vidareutdanning, etablerarrettleiing, og ikkje minst kva som er viktig for den
enkelte å ta fatt i som arbeidsledig.
Arrangementet
er gratis, og målgruppa er arbeidsledige ingeniørar/teknologar, samt bygg- og
anleggsarbeidarar.
Moglegheitsarenaen
er komme i stand som del av Byregionprogrammet og skal mellom anna auka
kunnskapen om samspel mellom by og omland. Byregionprogrammet er initiert av
Kommunal- og Moderniseringsdepartementet. Ein av satsingsområda for
Byregionprogrammet er Sunnhordland som kompetanseregion, med mål om å halde på
og utvikle kompetansen i regionen.
Arrangementet
går frå kl. 09.00 – 14.00. Etter lunsj vert det delt opp i to sesjonar kor
ingeniørar/teknologar får presentasjonar for seg, og bygg- og anleggsarbeidarar
får presentasjonar for seg, før alle vert samla igjen mot slutten.
Invitasjonen
vert sendt frå NAV til dei aktuelle målgruppene. Det vil bli vurdert behov for
tilsvarande arrangement for andre grupper arbeidsledige utover våren.
For påmelding, følg lenka;http://www.buisunnhordland.no/moglegheitsarena-for-jobbsoekjarar/