Nær 30 deltakarar fekk presentert Maritime Clean Tech West(MTCW) på Stord Næringsråd sitt frukostmøte 22. juni. Prosjektleiar Hege Økland synte korleis MTCWpå kort tid har fått på plass 18 medlemsverksemder i heile den maritime verdiskapingskjeda. Det geografiske nedslagfeltet er mellom Bergen og Skudesnes, og det er klyngesamarbeidet, kor alle ser et potensiale for eigautvikling, som er berebjelken for MTCW.
Å redusera utslepp frå skip er målet forArena-prosjektet som MCTW har fått tildelt midlar til. 18 millionar over tre år er ramma for å jobba fram gode prosjekt. Et av desse prosjekta er Folgefonnprosjektet, som innber å prøva ut batteridrift av ferja Folgefonna.
Arbeid mot det offentlege som krevjandekunde, og det offentlege som premissleverandør når det gjeld utsleppskrav frå skip er viktige oppgåver for MTCW.
Teknisk direktør i Wärtsilä Norway Ingve Sørfonn presenterte den verdsomspennande verksemda med 18000 tilsette på 170 lokasjonari 70 land. Norge i Wärtsilä er einviktig bidragsytar til produksjon og ikkje minst utviklingsavdeling. Alleutviklingsavdelingane i Wärtsilä ligg i Europa, og dette viser at det er fullt mogleg å vera konkurransedyktig innafor høgteknologiutvikling og kompetanse. Sørfonn presenterte Wärtsilä si satsing innafor miljøteknologi, og det tette samarbeidet med Eidesvik. Satsing på gass som drivstoff på skip er et pionerarbeid som vil auka i omfang, og gje fortrinnnår det vert stilt krav til minska Nox og CO2 utslepp i hamner rundt omkring iverda. Sørfonn, som også er styreleiar iMCTW har stor tru på at satsinga på miljøteknologiske løysingar vil gje regionen ein sterk posisjon i utvikling av framtidas arbeidsplassar.