Høyringsuttale E39 Hordfast Stord - Os

02.07.2015
Ei overordna målsetjing for næringslivet er at Hordfast E39 Stord - Os vert prioritert inn i NTP 2018 - 2023 med oppstart i 2018, slik våre fremste folkevalde har lova.


I høyringsuttalen som vart sendt Statens vegvesen 30.juni peikar Stord Næringsråd på at prinsippet om kortast mogleg reisetid for å få best mogleg mobilitet og tilgang på nødvendig kompetanse.



Dei alternativa som er tilrådd utgreidd er etter Stord Næringsråd si vurdering dei riktige. For industrien på Stord er det viktig at det nordlegaste alternativ for kryssing av Langenuen vart tatt ut av planprogrammet, og det må i det vidare planarbeidet gjerast minst mogleg hinder for sjøtrafikk ved kryssing av Langenuen med bru.



Ut frå samfunnsmåla ved utbygging av ferjefri kyststamveg E39, kor Sunnhordland skal knytast tettare til Midthordland, og mobiliteten mellom kommunane skal betrast, må ein sjå Sunnhordland som ein samla region. Kor Langenuen vert kryssa vil ha særs stor relevans dersom ikkje sambandet Kvinnherad – Stord vert løyst med kortaste veg (Buvika – Klosterneset), slik det kjem fram i «moglegheitsstudiet tilkopling til fylkesvegnettet».

Den sørlegaste kryssinga av Langenuen vil etter Stord Næringsråd si vurdering verta den beste for å samla Sunnhordlandsregionen, altså alternativ D, eller F (kombinasjon D+B).


I siste medlemsundersøking  i regi av Stord Næringsråd peikar medlemmene våre på at  betre regionalt samarbeid er ein av regionens største utfordringar.

Les heile høyringsbrevet her;

LES FLEIRE NYHENDE