Byregionprogrammet!

Godt oppstartseminar for "Den tette byen" 19.september

29.09.2016
Det vart ein svært god dag for oppstartseminaret "Den tette byen" 19.september, med over 60 deltakarar fordelt på næringsdrivande, utbyggarar, kommunetilsette, fylkesadministrasjon og politikarar.


Ordførar Harry Herstad opna dagen og ønska velkommen til Stord, før kommunalsjef Lovise Vestbøstad tok oss gjennom bakgrunnen for Byregionprogrammet og delprosjektet "Den tette byen".



Frå Drammen kommune kom ein engasjert ordførar og fortalte om prosessen med å transformera Drammen kommune frå ein by med ei skitten elv og som "ingen besøkte", til ein by som alle snakkar positivt om, og som innbyggarane er stolte av. Raushet og forankring var viktige stikkord! Du finn presentasjonen til Drammensordføraren her; Hardt målmedvite arbeid over tid har gitt resultat. 



Norheimsund, ein litt mindre stad enn Drammen, men me mykje av dei same utfordringane, har vore gjennom ei stor utvikling ved å snu tettstaden mot sjøfronten. Butikkeigar Borghild Storaas Ones presenterte; Kva var utfordringa i Norheimsund, og vegen fram til Tettstadprisen! Du finn presentasjonen her.



Den siste innleiaren var Michael J. Fuller-Gee, sjefsarkitekt og byplanlegger i Arendal kommune. Tittel på foredraget var; Kva definerer eit attraktivt regionsenter? Tenkja kvalitet, og "tøffelavstand" var ord som festa seg etter dette spanande innlegget. Fuller-Gee sin presentasjon er delt opp i fire delar, då den inneheld mykje bilder og er stor for nedlasting. Du kan henta dei fire delane her; Del 1, Del 2, Del 3 og Del 4.





I samla tropp gjekk me fra Kulturhuset til Brygga 11, kor Geir Skeie tok i mot oss med nydelig fiskesuppe på menyen. Spinae Company ved Magdalena From Delis og Nathanael Larsson tok oss deretter gjennom ei aktiverande tolkning av Den tette byen! Sjå video her: Blei myke latter og ein skikkeleg "icebreaker" før to timars Workshop på Grand Hotel.

Video 2 - Den tette byen!



Atheno AS ved Nina Østensjø Borrevik og Ole Jacob Eide, leia "Workshoppen" stødig og effektiv. I sju grupper vart det jobba med problemstillinga:



Korleis kan Stord bli det bankande hjartet i heile regionen? 



I  kreative rundar vart det jobba fram forslag innafor områdene:

- Infrastruktur!

- Trivsel!

- Næring!

Gruppene presenterte til slutt sine prioriterte forslag innafor kvart område!



Avslutningsvis takka Stord Næringsråd og Stord kommune for stort engasjement, og godt samarbeid med Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Atheno i arbeidet. Dette var eit oppstartseminar, starten på eit viktig arbeid for å utvikla Stord som Den tette byen og eit attraktivt senter som det er lett og komma til og ifrå.

Kommunalsjef Lovise Vestbøstad tok alle innspel og forslag med i det vidare planarbeidet i Stord kommune, og me gler oss til å fortsetja utviklinga av "Den tette byen"!

LES FLEIRE NYHENDE