FN sine 17 berekraftsmål er ein viktig overordna premiss for forretningsmoglegheitene framover.

Godt engasjement på frukostmøte med BDO 7.oktober

08.10.2021
Det var berekraftitg utvikling og moglegheitene til å skapa forretning som var tema då me saman med BDO samla i underkant av femti deltakarar til frukostmøte på Stord Hotell.
Håkon Dalland og Tina-Irene Luggenes Amundsen frå BDO, tok oss gjennom kva berekraftsbegrepet betyr på eit globalt nivå, og korleis den enkelte virksomhet må jobba med dette i sin forretningsutvikling.

Krav frå finansinstitusjonar, krav om dokumentasjon og ikkje minst synleggjering av kva bedriftene gjer i forhold til ei berekraftig utvikling, vert viktig å ha bevisstheit rundt mellom anna i forhold til å trekka til seg nok og rett kompetanse i framtida.

Godt engasjement frå salen kor mellom anna ordførar Gaute Epland fortalte korleis ein i Stord kommune har starta arbeidet mot Nullutslepp 2030.



Presentasjonen til BDO kan du lasta ned her

LES FLEIRE NYHENDE