Lekkasje frå Nasjonal Transportplan syner vilje til å prioritere ferjefri kyststamveg E39. Dette er gode nyhende for vestlandet og resten av landet. Vestlandsfylka Hordaland, Rogaland og Møre- og Romsdal er dei største eksportfylka i landet. Gode rammevilkår for næringslivet på vestlandet er derfor viktig for AS Norge. Ikkje set E39 opp mot intercity tog på austlandet, det er rett og slett ikkje logisk. Dess fortare ferjefri kyststamveg mellom Kristiansand og Trondheim vert bygd, jo betre samfunnsnytte for heile landet. Rogfast og Hordfast bygd i samanheng gjer regionane mellom Stavanger og Bergen felles bu- og arbeidsmarknad. Så bygg ferjefri E39 innan 2025. Dette er god samfunnsøkonomi.