God oppslutnad under valdebatten 31.august

01.09.2015

Stord Næringsråd arrangerte valdebatt og hadde invitert alle dei ti politiske partia som stiller med liste i Stord kommune.

Det var god oppslutnad om arrangementet som var i Stord kulturhus på ettermiddagen.  Ordførarkandidatane, første og andre kandidatar stilte i panelet.



Politikarane vart utfordra på saker og tema som er viktig for det lokale næringslivet, og som dei skal ta stilling til utover hausten og dei neste fire åra.



Desse temaene vart debattert;



- Sentrumsutvikling og attraktivitet

- E39 over Stord og Stordpakken

- Regionalt samarbeid og kommunikasjonane internt i Sunnhordland

- Stord som Regionsenter i Sunnhordland

- Situasjonen i oljeretta industri



Kunstnar og designer Jørund Fjøsne innleia tema "Sentrumsutvikling og attraktivitet" med ein videosnutt frå Leirvik sentrum.



Som innleiar for tema Regionalt samarbeid og kommunikasjonane internt i Sunnhordland stilte Magne Heimvik. Heimvik er konsernsjef i SKL og styreleiar i Stord Næringsråd.



Debatten vart leia av redaktør i Framtida.no; Svein Olav B. Langåker.




Det vart i debatten gitt uttrykk for at det trengtes ein heilskapleg plan for utvikling av Leirvik sentrum, men at det er ulike uttrykk i bybilde, også er et speilbilde av ulike tidsepoker. Det vart også ein diskusjon om ein skulle flytta torget ned på kaien eller ikkje i tillegg til fleire konkrete ønskje som musikkpaviljong og offentleg toalett. Dei fleste partia ville setta av pengar til planlegging.



Debatten rundt E39 over Stord og Stordpakken synte ulike syn på kva framtidig fartsgrense over Stord skulle vera, om det er Staten eller Stord kommune sjølv som kjem til å bestemma dette, og sjølvsagt vern av Landåsen. Saka kjem frå Statens vegvesen til politisk behandling i oktober.



Det var stor semje med unntak av ordførar Liv Kari Eskeland frå Høgre om at den kortaste vegen mellom Stord og Kvinnherad, altså nytt ferjeleie på Stord ikkje skulle byggas. Fokus var på hurtigare elektriske ferjer og framleis bruk av Skjersholmane, flytting til Jektevik- Sunde, og ei langsiktig løysing med fastlandssamband sett opp mot Sunnhordlandsdiagonalen.

Kor bomstasjonar skulle plasserast og kva Stordpakken skulle innehalde var det mange ulike syn på, alle ville ha inn sykkelvegar, nokre mange, andre få. Dette gjer det spesielt viktig for næringslivet å følgje opp, og gje innspel til denne saka ut over hausten, ikkje minst i forhold til plassering av bomstasjonane og at dette ikkje skapar konkurransevridning for dei ulike handelssentrene.



Debatten rundt regionalt samarbeid og Stord som Regionsenter synte at det også mangla ein heiskapleg regionpolitikk, noko som vil verta svært viktig med tanke på at avstandane sørover og nordover vert mindre i framtida med ein ferjefri E39. Og som Krf sin ordførarkandidat Torbjørn Brosvik uttrykte det; Her må me følja med i timen! Stord Sjukehus, HSH og Stord som regionalt trafikknutepunkt blei peika på som viktige regionsenterfunksjonar.



Situasjonen i den oljeretta industrien og varsel om nedbemanning ved lokale verksemder engasjerte politikarane, alt frå å komma med konkrete forslag om bruk at kraftfondmidler i kommunen, til meir statlege midler, satsing på miljøferjer til satsing på turistnæring og gratis barnehage for dei som fekk økonomiske vansker.  Det var brei semje blant politikarane at Atheno som næringsutviklingsselskap skulle ha ein stor og viktig rolle i forhold til innovasjon og grunderskap, som vert ekstra viktig framover.











LES FLEIRE NYHENDE