Fullt hus på frukostmøte - PS med Sparebanken Vest 2.februar

02.02.2017
Vestlandsindeksen ved konsernsjef Ragnhild Janbu Fresvik, og foredrag av Dr. Ola Grytten ved NHH samla over 80 deltakarar på Stord Næringsråd sitt frukostmøte på Stord Hotell.
I godt samarbeid med Sparebanken Vest har det blitt ein fin tradisjon å legga fram Vestlandsindeksen på nyåret. Vestlandsindeksen er ein konjunkturindikator som tar pulsen på forventningar og resultat i næringslivet på Vestlandet. Fresvik peika på oljenedturen sin innverknad på verksemdene sine resultat, og sårbarheten i at heile 27% av sysselsettinga er knytt til oljerelaterte næringar.  51% av bedriftene ventar auka etterspørsel i 2017, men Vestlandsindeksen syner også svak vilje til investeringar, som kan kompensera for bortfallet av investeringar på Norsk sokkel.



Dr. Ola Grytten tok oss gjennnom ei historisk reise tilbake til 1799 for å sjå på kva som har skapt den omstillingsdyktige Vestlendingen. Avhengigheten av handel med utlandet, ikkje minst England, og bruk av havet som ressurs og framkomstveg, har skapt små og store verksemder langs kysten. Det er naturressursar og innovasjon, men også vår evne til å klara oss utan statlege subsidiar og ein høg offentleg sektor, som har gjort omstillingsevna god.

I det lange historiske perspektivet ser ein at Norge aldri har vore fattig samanligna med OECD, men at rikdommen frå olja på 1970 talet og fram til i dag, har gjort Norge til ein veldig rik nasjon. "Rikdommen" utfordrar imidlertid konkurransekrafta til næringslivet, når arbeidskostnadene våre ligg langt over dei andre europeiske landa.



Foredragene til Ragnhild Janbu Fresvik og Ola Grytten kan du lasta ned her: 

LES FLEIRE NYHENDE